Tenesteomtale

Konfliktrådet har til oppgåve å arrangere møte mellom partar i konfliktar som oppstår fordi éin eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap eller ei anna krenking.

Konfliktrådet er eit statleg konfliktløysingsorgan og behandlar både sivile saker og straffesaker. Eksempel på sivile saker er grannekonfliktar, familietvistar og mobbing. Eksempel på straffesaker er vald, truslar og nasking.

Konfliktråda skal mellom anna

  • arrangere møte mellom partar i sivile saker
  • gjennomføre møte i straffesaker overførte frå påtalemyndigheita eller domstolen
  • gjennomføre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Møte i konfliktrådet kan forhindre at konfliktar eskalerer, og det kan bidra til å førebyggje framtidige konfliktar og lovbrot.

Kriterium / vilkår

Konfliktrådsbehandling krev som regel samtykke frå begge partar. Unntak gjeld for dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, der den krenka si deltaking og samtykke ikkje er påkravd.

Samarbeidspartnarar

22 konfliktråd dekkjer alle kommunane i landet. Sekretariatet for konfliktråda har ansvaret for drift og fagleg utvikling av konfliktråda. Konfliktråda samarbeider med kommunane om å nemne opp meklarar. Konfliktråda samarbeider elles med:

  • lensmanns- og politietaten
  • kriminalomsorgsetaten
  • domstolane
  • andre lokale etatar som skule og barnevern

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta direkte kontakt med konfliktrådet anten ved telefon, brev, e-post eller ved personleg oppmøte.

MELDE INN SAK TIL KONFLIKTRÅDET SØR-VEST

Har du ei sak du ynskjer å melde inn direkte kan du gjere det på vår nettside www.konfliktraadet.no via «knappen» "Meld inn en sak til konfliktrådet".

Eller du kan ta kontakt via post.sorvest@konfliktraadet.no  evn. telefon 53 01 43 79, dersom du ynskjer å drøfte om saka vil eigne seg for konfliktrådsbehandling. Om du velger å sende ein e-post er det viktig at den ikkje inneheld personsensitiv informasjon.

Sakshandsaming

Konfliktrådsleiaren vil vurdere om saka di passar for mekling. Konfliktrådet hjelper med å innhente samtykke til mekling frå andre konfliktpartar. Meklingsmøtet blir normalt gjennomført med éin mekler til stades. Meklaren avgjer om den avtalen partane kjem fram til, skal godkjennast.

Sakshandsamingstid:
Konfliktrådet har ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ca. 35 dagar (frå da du tok kontakt til saka er ferdig mekla).

Høve til å klage

Det er partane sjølve som kjem fram til ei løysing i form av ein avtale. Det er derfor ikkje høve til å klage til konfliktrådet på innhaldet i avtalen. I straffesaker har du ei angrefrist på éi veke. I sivile saker kan partane sjølve avtale ei angrefrist. Du kan klage på vedtak om at konfliktrådet avviser ei sak eller nektar å godkjenne ei avtale innan ei frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen må rettast til konfliktrådet. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det.

Klageinstans er Sekretariatet for konfliktråda.