Mål

Målet er at barn og unge i kommunen skal få rett hjelp til rett tid av eit hjelpeapparat som samarbeidar godt på tvers av einingar og faggrupper. Rus og kriminalitetsførebyggjande arbeid er ein sentral del av folkehelsearbeidet og det førebyggjande arbeidet for barn og unge i Fitjar kommune. Kommunen har eit kriminalitetsførebyggjande samarbeid med Stord lensmannskontor gjennom SLT modellen.

Litt om SLT modellen

Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.
Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, også foreldre, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar.

Les meir om SLT modellen her

SLT koordinator sitt arbeid

SLT-koordinator sine viktigaste oppgåver er:

  • Identifisere problemområde
  • Innhente og formidle kunnskap
  • Initiere tiltak – gje ansvar
  • Aktiv samordning

SLT støtter på alle generelle førebyggjande planar og har spesielt fokus på rus, kriminalitet, vald i nære relasjonar og radikalisering og valdeleg ekstremisme. SLT-koordinator koordinerer behov og ressursar, ein som kan fungere som bindeledd, pådrivar og inspirator i SLT-nettverket. SLT-koordinator deltek på alle møte på alle nivå.

Kva kan SLT-koordinatoren hjelpe deg med?

Kontakt SLT-koordinatoren dersom du:

  • treng råd om kven du skal henvende deg til når det gjelder førebygging av kriminalitet blant unge i Fitjar kommune

  • er uroa for at eit barn/ungdom har, eller står i fare for å utvikle, kriminell åtferd

  • er uroa for radikalisering eller valdelig ekstremisme