Feiing

Fitjar kommune har avtale med Stord brann og redning som skal syta for feiing og tilsyn med fyringsanlegg så ofta det er behov for det. Tenesta gjeld hovudsakeleg private bustadar  Det er og planlagt å gjelde fritidsbustadar med skorstein og eldstad.

Ved feiing fjernar feiaren sot og bek og reduserer dermed faren for brann i skorsteinen. Kor ofte det skal feiast, kjem an på sotmengde og kva oppvarmingssystem bustaden har. Dette kjem også til å gjelde fritidsbustadar.

Eit tilsyn omfattar informasjon om korleis du best mogleg kan ivareta brannsikkerheiten i bustaden din. Feiaren inspiserer eldstad, røykrøyr, skorstein, røykvarslarar, slukkemateriell, rømningsvegar og oppbevaring av brannfarleg vare.

Det er ditt ansvar som eigar å syta for at feiaren kjem til for å utføra jobben. Ved feiing må trekkventilar, spjeld og omnsdører vera lukka. I tilegg ønskjer me å gi deg råd i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og branntryggleik i heimen.

Feiaren går alltid uniformert og skal bera synleg ID-kort frå Stord brann og redning. Ein blir varsla om at me kjem på tilsyn via tekstmelding (sms) For å motta sms om at me kjem må ein vera sikker på at kontakt informasjonen er rett. Dette kan ein sjekke på www.norge.no

Forskrift om brannforebygging:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710

Ny løsning for varsling om feiing

Feie- og tilsynsavdelinga i Stord kommune tek no i bruk ei ny løysing for korleis me skal planlegge feie- og tilsynsarbeidet i kommunen.

Me har no eit nytt verktøy som skal hjelpe oss til å nytte tida vår på å gå tilsyn og feie. Planlegging av desse tiltaka krev mykje tid og ressursar, og me er no avhengige av innbyggarane si hjelp til å få dette i sving så fort som mogleg.
Det du som innbyggar skal vera førebudd på, er at me frå no av kjem til å kontakte dykk med ei ny utforma Tekstmelding (SMS) på din telefon. Denne SMS-en vil innehalde ei lenke som me vil at de tek i bruk. Er du usikker på dette og treng hjelp, kan du framleis kontakte brannvesenet slik det er beskrive i SMS-en. Denne lenka kan du enkelt opne på din Smartphone, eller du kan kopiere eller skrive URL’en inn på din PC om du ønsker det.  Så vil lenka ta deg til ei plattform som blir kalla «Min Eiendom», og er ei heimeside med all informasjon om din eigedom, her vil du kunne logge deg inn og alltid vera oppdatert på blant anna brannførebyggingsstatus på din bustad. Det viktigaste er at du kan kommunisere med oss når det passar med tilsyn, og kunne melde frå om du har følgt opp eit avvik for eksempel.
Vi minner om at det fortsatt vil vera mogleg å kontakte oss som før, men vi set stor pris på responsen frå SMS.

Skildring steg for steg:

  1. Du vil få ein SMS frå «Feiaren» som er ditt brannvesen når det er tid for å utføre tilsyn på din bustad/fritidsbustad.
  2. Opne SMS-en, les og følg skildringa. 
  3. Ved hjelp av lenka i SMS-en loggar du deg på Min Eiendom via DIFI, og her kan du bekrefte tidspunktet Feiaren skal kome på tilsyn eller feiing. Du kan også kommunisere at det ikkje passar og finne ny tid eller dato. Om du vel å bekrefte avtalen via SMS, er det viktig at du berre skriv talet 1 eller 2 (ingen tekst), for det svaret som passar.
  4. Når du har bekrefta så vil Brannvesenet få beskjed og kunne planlegge tilsyn ut i frå det som blir svara.
  5. Om du bekreftar at avtalen passar, vil du få ei påminning på SMS, 1 dag før avtala tidspunkt.
  6. Etter tilsynet er gjennomført vil du få ei ny melding som vil leie deg tilbake til Min Eiendom der du kan lese rapporten, og følge opp eventuelle avvik eller merknadar.

Kan me nå deg?
For at denne nye løysninga vår skal kunne varsle deg med SMS, må stat og kommune ha tilgang til rette kontaktopplysningar for deg for å kunne sende deg meldingar og dokument elektronisk. Denne informasjonen blir samla i eit felles nasjonalt kontakt- og reservasjonsregister.

Her kan du logge inn for å sjekke kva som er registrert på deg og oppdatere kontaktinformasjonen din

Verksemder 
Verksemder må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka www.varslemeg.no. Du kan registrera så mange nummer du vil per adresse.