Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestastjon og PPT.

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Målgruppe

1.  Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:

  • Språkvanskar (vanskar med omgrep ,setningsoppbygging eller grammatikk)
  • Uttalevanskar og fonologiske vanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar

2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Logopedtenesta skal vera eit lågterskeltilbod. Ein kan ta direkte kontakt over telefon for å rådføra seg. Ein kan også tilvisa ved å nytta tilvisingsskjema. 

Les meir her om tiltak og tenester for logopedtenesta. 

Tilvisingsskjema finn du her. 

Ein kan også få tilvisingsskjema ved å venda seg til:

  • Helsesøster
  • Barnehagar og skular