Rimbareid skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Fitjar kommune med 370 elevar, frå 1.- til 10.trinn. Her er i alt 58 tilsette. 

Skulen har SFO med 40 elevar og 5 tilsette. 

Rimbareid skule er sentralskulen i bygda og ligg fint plassert høgt i terrenget opp mot Klostergarden og Rimsvarden. Her er utsikt over bygda og utover sjøen mot ope hav. 

Dei tilsette ved skulen jobbar aktivt for eit inkluderande læringsmiljø, slik at alle elevar og tilsette kan utvikla seg fagleg og sosialt. Me ser på alle elevane våre som unike og verdfulle individ. Me syner difor elevane respekt gjennom å møte elevane der dei er, støtta dei, rettleia og ha forventningar til dei. 

Rimbareid skule blei i 2014 ferdigstilt etter ombygging. Han fekk ny fløy med klasserom, kantine, læringssenter, amfi, spesialrom for naturfag/mat og helse, og nytt personalrom. 

Les meir om Rimbareid skule på skulen sin nettstad her.

 

Innskriving i mars ved skulestart til hausten