Kommunal fysioterapeut

Kommunen har 1 kommunal fysioterapeut i 90% stilling, som har kontor på Havnahuset.

Det kan vere eigenandel hos kommunal fysioterapeut som har refusjonsrett frå HELFO. Dette går på eigenandelstak 2. Barn under 16 år og bebuarar på sjukeheimen betalar ikkje for kommunal fysioterapi. Ein kan ta direkte kontakt med kommunal fysioterapeut ved behov.

Den kommunal fysioterapeuten sine oppgåver er:

  • Undersøkingar, funksjonsutgreiingar, motorisk vurdering, utforming og oppfølging av tiltak, behandling, rehabilitering.
  • Koordinator for IP, delta på møte og arbeid med IP samt BTI.
  • Kvardagsrehabiliteringsteam
  • Vurdere behov for, og søkje hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral, samt være kontaktperson for NAV i kommunen.
  • Helsestasjonsarbeid med 4 månadarskontrollar, barselinformasjon på barselgruppene samt fysioterapi til barn over kortere perioder.
  • Fysioterapi til barn og vaksne med varig funksjonsnedsettelse.
  • Fysioterapi til bebuarar på Fitjar Bu- og Behandlingssenter
  • Fysioterapi til heimebuande.
  • Vegleiing av samarbeidande personale i barnehage, skule, sjukeheim, heimesjukepleie m.m.
  • Palliativ fysioterapi
  • Delta i interkommunalt Lærings- og Mestringsnettverk.
  • Delta i førebyggjande helsearbeid blant vaksne.
  • Delta i utgreiing og planarbeid
  • Delta på tverrfaglige møter i kommunen.

Private fysioterapeutar med driftstilskot

Kommunen har 3 fysioterapeutar med driftstilskot og refusjonsrett frå HELFO. 2 held til i Fitjar kultur- og idrettsbygg og 1 held til i Larsen-bygget.

Du treng ikkje lenger rekvisisjon frå lege til behandling hos fysioterapeut. Ein må betale eigendel (unntak er barn under 16 år, og personar med godkjent yrkesskade)

Dei private fysioterapeutane skal ta seg av dei oppgåvene som primært ikkje ligg inn under kommunefysioterapeuten sitt hovudområde; til dømes

  • Undersøkingar 
  • Funksjonsutgreiingar/motorisk vurdering 
  • Utforming og oppfølging av tiltak 
  • Behandling
  • ​Rehabilitering