Omsorgsovertaking av barn/ungdom

Beskrivelse

Omsorgsovertaking inneber at barneverntenesta tar over ansvaret for eit barn eller ein ungdom som må flytte ut frå heimen sin og inn i ein fosterheim eller barnevernsinstitusjon. Omsorgsovertakinga kan vare i ein kortare eller lengre periode.

Det kan vere mange grunnar til at nokre barn og unge ikkje kan bu heime:

  • manglande omsorg
  • foreldre som ikkje er i stand til å ta i vare omsorga i kortare eller lengre periodar, f.eks. ved sjukdom
  • mishandling eller overgrep
  • utfordringar med åtferd, rus eller kriminalitet

Blir barneverntenesta kjend med at eit barn eller ein ungdom lever under slike forhold, har dei plikt til å gripe inn. Barneverntenesta må ta utgangspunkt i kva som er det beste for barnet eller ungdommen. Nokre gonger kan dette komme i konflikt med kva foreldra meiner.

Etter omsorgsovertakinga skal barneverntenesta:

  • følje opp utviklinga til barnet eller ungdommen
  • leggje til rette for samvær med foreldre og søsken dersom omsynet til barnet eller ungdommen ikkje taler imot det
  • tilby rettleiing og oppfølging til foreldra. Det kan også vere aktuelt med hjelpetiltak for å betre omsorgsevna til foreldra, slik at barnet eller ungdommen seinare kan flytte heim igjen.
Målgruppe

Barn og unge under 18 år.

Vilkår

Barneverntenesta må dokumentere at det er nødvendig å overta omsorga for barnet eller ungdommen ut frå situasjonen. Lova lister opp desse kriteria:

  • alvorlege manglar i den daglege omsorga, den personlege kontakten og tryggleiken som barnet eller ungdommen treng
  • foreldra sørgjer ikkje for at eit sjukt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande barn eller ein ungdom får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
  • barnet eller ungdommen blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
  • stort sannsyn for at helsa eller utviklinga til barnet eller ungdommen kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar
Lover

Barnevernslova § 1-3 (Barnets beste)

Barnevernslova § 5-1 (Vedtak om omsorgsovertaking)

Barnevernslova § 5-4 (Ansvar for barnet etter vedtak om omsorgsovertaking)

Barnevernslova § 12-3 (Barns partsrettar)

Forskrift om fosterheim

Forskrift om barns medverknad i barnevernet

Saksbehandling

Når barneverntenesta er gjort merksam på at eit barn eller ein ungdom slit og kan trenge hjelp frå barnevernet, skal dei undersøkje situasjonen. Terskelen for å starte undersøking skal vere låg.

Dersom undersøkinga viser at barnet eller ungdommen bør flytte ut av heimen sin, vil barneverntenesta:

  • flytte barnet eller ungdommen med det same i akutte tilfelle, eller
  • utarbeide eit forslag til løysing og presentere dette for foreldra.

Plassering i fosterheim eller barnevernsinstitusjon kan skje med eller utan samtykke frå foreldra. Samtykkjer ikkje foreldra, må barneverntenesta i kommunen førebu sak for fylkesnemnda, som kan bestemme at barnet eller ungdommen skal flyttast med tvang.

Klage

Foreldra kan krevje at eit vedtak om tvangsflytting skal leggjast fram for tingretten.

Los-ord
uromelding, barnevern, familievern, barne- og familievern, omsorgssvikt, omsorgsovertaking, familievald, ungdomsproblem, åtferdsproblem, rusproblem, rusmisbruk, alkoholproblem, alkoholmisbruk, overgrep, incest, misbruk, seksuelt misbruk, juling, avstraffing, vald, trakassering, feilernæring, underernæring, fosterheim, fosterbarn, fosterforeldre, barneverninstitusjon, institusjon, barneheim, ungdomsheim, vanskjøtting

DebugView   v2