Arealplanar er eit verktøy for å styra kommunen si utvikling i den retninga ein ønskjer, og planane set rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen.

Plan- og bygningslova regulerer utforming og prosess for arealplanarbeidet. Lova skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar (§ 1-1). Planlegginga skal vere open og sikre forutsigbarheit og medverknad. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar. Arealplanar er juridisk bindande når dei er vedtekne av kommunestyret.

Ein arealplan består av: 

  • Eit plankart som med standardiserte symbol- og fargebruk synar ulike arealformål.                                
  • Planføresegner som gjev meir detaljerte opplysningar om arealbruk, utforming av bygningar, miljøkrav, parkering osv.
  • Ei planskildring som opplyser om planens føremål, hovudinnhald og verknad.

Plan- og bygningslova omtalar ulike typar arealplanar. Det er to hovudtypar kommunale arealplaner:

  • Arealdel til kommuneplanen og kommunedelplanar
  • Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan bestemmer korleis eit område skal brukast og kva som kan byggjast. Den vert laga for å følgje opp kommuneplanen sin arealdel med ein meir detaljert plan for arealutnytting. Der det ligg føre ein godkjent reguleringsplan, skal alle byggjetiltak utformast i samsvar med denne. Reguleringsplanar består av eit detaljert plankart, planføresegner og planskildring

Det er to typar reguleringsplanar:

  • Områderegulering (kommunale planar) jf. plan- og bygningslova § 12-2
  • Detaljregulering (private planar) jf. plan- og bygningslova § 12-3

Kommuneplanen for Fitjar kommune, arealdelen, for perioden 2011 - 2022  finn du her

Fitjar kommune sitt planregister finn du her

Her finn du skjema for tinging av oppstartsmøte for reguleringsplanar:  Word-format PDF document ODT document  - PDF-format