Fitjar kommune har ansvar for kommunale vegar.  Statens vegvesen har ansvar for fylkesvegar. Kven som eig vegen finn du her.

Det er viktig at huseigar er merksam på reglane som gjeld trafikksikring og frisiktsoner. Her kan du sjekke reglane som gjeld klipp av hekker og buskar langs vegar.

Fitjar kommune har ansvar for brøyting av kommunale vegar, fortau og gang/sykkelvegar. Det skal brøytast når det er behov.  Hovedvegar i bustadfelt, andre hoved- og skulevegar vert prioritert før mindre trafikkerte vegar. Det same gjeld strøing. Her vert svingar og stigningar prioritert. 

Huseigarar som eig grunn eller bygning som grensar til offentleg stad, har plikt til å rydde fortauet for snø og is, og strø utanfor eigndomen når det er glatt.

På lenken FiksGataMi kan du melde inn problem som søppel, hull i vegen, ødelagte gateljos o.l.