Fitjar kommune har eit legekontor med 3 fastlegestillingar med felles lokale i Fitjar legesenter. Legesenteret har også lege i spesialisering (LIS1).

Legane ved legesenteret er:

  • Dr. Anne Lise Haukås, fastlege og kommuneoverlege
  • Dr. Aida Lidia Lund, vikarlege
  • Dr. Mohammed Mosaad, vikarlege
  • LIS1 Razia Qassemi

Når du ringer til legesenteret og skal bestille deg ein time, får du som oftast nokre spørsmål frå oss.  Grunnen til at me stiller deg desse spørsmåla, er for å høyre kor mykje timen hastar. Me har begrensa med ledige timar dei nærmaste dagane, og då må me prioritere kor me set den enkelte opp på time.

Du kan og bestille time og faste reseptar via Helsenorge.no eller Helserespons

Helsenorge er den offentlege helseportalen for innbyggjarar i Noreg. Her loggar ein inn med BankID eller Buypass. Ein må opne for Digital Dialog på Helsenorge for å kunne kommunisere med legesenteret via denne løysinga.

Per i dag kan alle som har fastlege eller vikarlege ved Fitjar legesenter, bestille timar, fornye reseptar og kontakte legesenteret for andre henvendingar via Helsenorge. Helserespons vil bli avslutta i april 2024.

Akutte henvendingar/sjukdom og timebestillingar må framleis gjerast via telefon.

Ein oppmodar flest mogleg av pasientane ved Fitjar legesenter til å ta i bruk Helsenorge.no.