Skulefritidsordning (SFO)
Beskrivelse
Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. trinn og for barn med særskilte behov i 1. til 7. trinn.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Vilkår
Eleven må vere busett i kommunen.
Rettleiing
SFO-plassen blir tildelt etter søknad. Skulen hjelper til med søknaden.
Søknadsfrist og oppseiingstid kan variere frå kommune til kommune.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli fatta.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Anna informasjon
Søknaden om plass i SFO skal sendast via søknadsskjema nedanfor innan 15.4 kvart år
Det er 3 mnd oppseiing av plassen.
Linken nedanfor kan nyttast når du søkjer, skal søkja om endra opphaldstid og ved oppsigelse.
Vedtekter og betalingssatar for SFO frå 01.01.12
Skulefritidsordningane på den einskilde skule
Fitjar kommune har tilbod om skulefritidsordning ved alle dei tre skulane i kommunen.
Ansvarleg for SFO på kvar skule er rektor ved skulen, men SFO har og ein dagleg leiar.
Rimbareid SFO
Stad:
I skulen sine nye lokaler til 1. klasse
Pedagogisk leiar:
Kitty Træet
Opningstid:
Om morgonen frå kl. 06.45. Etter skuletid fram til 16.15.
Dette tilbodet føl skuleruta.
Sælevik SFO
Stad:
I skulen sine lokaler
Pedagogisk leiar:
Rektor Onar Westerheim
Opningstid:
Om morgonen frå kl. 07.00. Etter skuletid fram til 16.00.
Øvrebygda SFO
Stad:
I skulen sine lokaler
Pedagogisk leiar:
Rektor Sigbjørn Aarland
Opningstid:
Om morgonen frå kl. 07.00. Etter skuletid fram til 16.00.
Utvida ordning:
Det er og eit utvida tilbod på SFO i kommunen. Den har ope på alle dei skulefrie kvardagane. ( Har stengt når barnehagane har ferie).
Dette tilbodet er i lokala til Rimbareid SFO, men gjeld elevar frå alle skulane i kommunen.
Opningstida er 06.45 - 16.15.
Nye vedtekter og satser for SFO
Fitjar kommunestyre har fastsett nye vedtekter for SFO. Det er fleire endringar i dei nye vedtektene og det er dessutan gjort ei justering av betalingssatsane. Endringane er gjeldande frå 01.01.2010 Du finn dei nye vedtektene med betalingssatsar her.