Fitjar kommune 150 år - Kjøp jubileumsboka her

Kveldssol over Fitjarvika

Dagens bilde: Kveldssol over Fitjarvika

Foto: Håvard Oma Sele

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Velkommen til Øvrebygda skule

Øvrebygda skule ligg i landlege omgjevnader ca 9 km frå Fitjar sentrum. Skulen er blitt utbygt i fleire etappar, og inneheld ein avdeling for småskulen  og ein for storskulen. Skulen er ein fire-delt barneskule med 61 elevar skuleåret 2010/2011. Dette året arbeider det ni lærarar, rektor, to assistentar og to reinhaldarar. I tillegg har me  vaktmeisterteneste og litt kontorhjelp.

Dette skuleåret har me tre utviklingsområde:

  1. 1.   Elevvurdering
  2. 2.   Skulen som ein kulturell samlingsplass
  3. 3.   Bruk av Ikt som eit systematisk hjelpemiddel.

Skulen sin visjon er: Øvrebygda skule skal vera trygg og god for alle og gi faglege utfordringar.

De kan ta kontakt med rektor på tlf 53458585/992 54 790

eller  sigbjorn.aarland@fitjar.kommune.no

Permisjon frå undervisning

Fitjar kommune har forståing for at foreldre kan ha ynskje om, å søkja permisjon for sine born fra pliktig opplæring i grunnskulen. Dette kan vera forskyve ferie, opphald i utlandet etc.

Kommunen tilrår foreldra å utvisa måtehald når det gjeld å ta born ut av skulen. Skulens planar inneheld omfattande lærestoff. Vi har tru på at foreldra tek opplæringsansvaret alvorlig, men erfaringsmessig vil sjølv korte fråvær kunna gje eleven meirarbeid i etterkant.

I Opplæringslova står:
§2-11  Permisjon frå pliktige opplæringa. Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.
Elevar som hører til et trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. 
Det er eit vilkår for retten at foreldre sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjontida er ute.

Hovedtanken i Opplæringslova
Etter lova har barn og unge i Norge "plikt til grunnskoleopplæring og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring". Ved permisjonar og fråvere som "eleven eller foreldra sjølv er skyld i", fråskriv eleven (eller foreldra på elevens vegne) seg retten til offentlig grunnskoleopplæring for en periode tilsvarende lengda av fråværet. Foreldra tek over ansvaret for elevens opplæring i perioden.

Elevens opplæringsplikt gjeld imidlertid uavkortet. Det er kommunens ansvar å vurdere om og føre tilsyn med at plikta vert oppfylt.

Fråvære fra einskildtimar/enkeltdager - (skulefri):
Skulefri kan bli gjeve for enkelttimer eller inntil tre dagar (kontaktlærer/rektor). Skulen må godkjenna formålet for fritaket. Eks.: Deltaking i familiearrangement, fritidsaktiviteter o.l..

Fråvære inntil to veker- (permisjon):
Permisjon kan bli gjeve for to veker(10 undervisningsdager) pr. år. Rektor avgjer søknade om permisjon.

Elevene har ikkje en lovfesta rett til permisjon. Lova seier at rektor skal vurdera om det forsvarlig å la eleven vera borte fra skulen.
Dersom ein søkjer permisjon utover to veker, skal eleven skrivast ut av skulen.

Avslag på søknad om skulefri kan ankes til næraste overordna nivå (rektor -skulesjef ,Utval for oppvekst og omsorg).

Søknadsfrist 14 dager før permisjonen tek til.
Skjema finn du her:

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no