Hopp til innhold Hopp til søk

Permisjon frå undervisning

Oppretta: 06.08.2009 – Sist oppdatert 06.08.2009

Fitjar kommune har forståing for at foreldre kan ha ynskje om, å søkja permisjon for sine born fra pliktig opplæring i grunnskulen. Dette kan vera forskyve ferie, opphald i utlandet etc.

Kommunen tilrår foreldra å utvisa måtehald når det gjeld å ta born ut av skulen. Skulens planar inneheld omfattande lærestoff. Vi har tru på at foreldra tek opplæringsansvaret alvorlig, men erfaringsmessig vil sjølv korte fråvær kunna gje eleven meirarbeid i etterkant.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skuleutviklingsplan

Oppretta: 04.11.2007 – Sist oppdatert 18.12.2009

Skulen sin skuleutviklingsplan syner ei oversikt over skulen sine satsingsområde, og skulen sitt vurderingsarbeid. Ansvarleg for utarbeidinga av planen er rektor.

Utviklingssamtalen skal bidra til å lette arbeidet med oppfølgingstiltak/prioriteringar i skuleutviklingsplanen. Kartlegginga av kompetansebehov er ein av faktorane som spelar inn på val av satsingsområda til skulen.

Det blir utarbeidt ein overordna kommunal skuleutviklingsplan kvart 3 år. Gjeldande plan gjeld for perioden 2005-2008. Ansvarleg for kommunal skuleutviklingsplan er skulesjef.

Mal skuleutviklingsplan

Frist for innlevering av plan til oppvekstkontoret er: 1. april kvart år.

 

Kompetansehevingsplan

Kartlegging av kompetansebehov blir gjennomført kvart 3.-4 år. ( Sist skuleåret 2005-06) Arbeidstakarane står elles fritt til å melde inn behov undervegs.

 

Skuleutviklingsplanen og kartlegging av kompetansebehov dannar utgangspunkt for kompetansehevingsplanen til grunnskulane i Fitjar.

 

Arbeidstidsavtale for lærarane

 

På bakgrunn av drøftingar mellom tillitsvalt og rektor skal det utarbeidast lokal arbeidstidsavtale for skulen. Arbeidstidsavtalen skal ta utgangspunkt i sentrale og kommunale utviklingsmål. Lenkje til lovtekst: Særavtale SFS 2213. Ansvarleg for utarbeidinga av avtalen er rektor.

 

Mal for arbeidstidsavtale

 

Frist for innlevering av arbeidstidsavtale til oppvekstkontoret er 1. mai kvart år.

Kontakt oss