Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Skulebesøk/tilsyn

04.11.2007

For at kommunen skal vere sikker på at krava i blant anna opplæringslova blir oppfylte, er det naudsynt å setje fokus på einskilde området ved tilsyn. Det kan vere aktuelt å nytte ulike formar for tilsyn, (systemrevisjon, hendingsbasert tilsyn og overordna fagleg tilsyn) avhengig av kva området ein vel å setje fokus på.

Lovkrav:

Opplæringslova § 13-10. Ansvarsomfang

"Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.

Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til

lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-1 fjerde ledd."

 

For at kommunen skal vere sikker på at krava i blant anna opplæringslova blir oppfylte, er det naudsynt å setje fokus på einskilde området ved tilsyn. Det kan vere aktuelt å nytte ulike formar for tilsyn, (systemrevisjon, hendingsbasert tilsyn og overordna fagleg tilsyn) avhengig av kva området ein vel å setje fokus på.

 

I Fitjar ynskjer me å gjennomføre tilsyn kvar haust i oktober/november med fokus på einskildområde.

 

Mal for tilsynsskjema.

Systemrevisjon

  • Fastslå om myndigheitskrav (lover og forskrifter) blir haldt
  • Å bidra til utvikling av internkontroll-/styringssystem og kvalitetsforbetring

 

Systemrevisjon rettar kontrollen mot at verksemda kan dokumentere at den har bygd opp eit internkontrollsystem, og at dette fungerar i praksis. Ideen er å finne fram til

svakheiter i systemet i staden for å fokusere på enkeltståande feilgrep. Systemrevisjon kan gjennomførast både overfor institusjonar eller resultateiningar og overfor heile sektorar i ein kommune.

Hendingsbasert tilsyn og inspeksjonstilsyn

Ved inspeksjonstilsyn blir tilsynet gjennomført som inspeksjon av til dømes institusjonar eller bedrifter. Tilsyn som blir sett i verk som ein reaksjon på ei bestemt hending/situasjon, blir kalla hendingsbasert tilsyn.

Overordna fagleg tilsyn

Overordna fagleg tilsyn, eller tilstandsvurdering, inneber ei enda breiare vurdering av verksemder eller tenester enn det som skjer ved systemrevisjon. Datagrunnlaget

er fortrinnsvis av data henta frå verksemda, som gjerne blir haldt saman med aggregerte data på et felt - altså ulike statistiske data eller anna systematisert datagrunnlag innhenta gjennom kartlegging og datakjelder (for eksempel KOSTRA). Dersom dette faktagrunnlaget blir vurdert opp mot myndigheitskrav, lover og forskrifter, er det tilsyn. Funn i overordna fagleg tilsyn kan bli teke opp i kommunedialog og ved kommunebesøk.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no