Helse-, miljø og sikkerhet
04.11.2007
I følgje arbeidsmiljølova §3-1(http://www.lovdata.no/all/nl-20050617-062.html) skal arbeidsgjevar sørgje for at det blir utført systematisk helse- miljø- og sikkerhetsarbeid på alle plan i verksemda.
Dette inneber at arbeidsgjevar skal:
- Fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheit.
- Ha oversikt over organisasjon herunder ansvar, oppgåver og mynde
- Kartlegge fare og problem
- Iversette rutinar
- Sørgje for systematisk arbeid med førebygging og oppfølging av sjukefråvær.
- Sørgje for løpande kontroll.
- Foreta systematisk overvaking og gjennomgang av det systematiske helse-, miljø og sikkerheitsarbeidet.
Fitjar kommune har utarbeidd Handbok for systematisk HMT-arbeid i Fitjar kommune. Ved å nytte HMT-handboka skal ein kunne lære om det som er grunnleggjande for å drive eit systematisk HMT-arbeid og korleis systemet vert oppretta og vedlikehalde.
Handbok for systematisk HMT-arbeid i Fitjar kommune:
1. Målsetjing for HMT-arbeidet i Fitjar kommune
2. Innleiing
3. Systemforklaring og gjennomføring
4. Organisering, HMT-ansvar
5. Sentrale/felles retningsliner og rutinar
6. Kartlegging og oppfølging
7. Tryggleik
8. Yrkesskadar, sjukefråværsoppfylging, rusmisbruk
9. Opplæring
I utarbeidinga av rutinar bør ein stille seg følgjande spørsmål:
Kva kan gå galt her hos oss?
Kor stor risiko er det for at dette kan gå galt hos oss?
Kva er konsekvensane dersom dette går galt hos oss?
Kan du bli stilt til ansvar/få skulda dersom noko går galt på din arbeidsplass?
Kva gjer vi dersom noko går galt?
Kva skal vi gjere for å hindre at noko slikt skal skje igjen?
Oversyn over verneområde oppvekst:
Rimbareid barne- og ungdomsskule: Heidi Liarbø
Øvrebygda skule: Runar Øvrebø
Sælevik skule: Vilhelm Sjøvold
Vernerundar: Frist 1 februar kvart år.
Fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheit: Frist 1 februar.