Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Ukulele - gratis tilbod til elevar på 4. trinn

Oppretta: 16.03.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Foto: Helga Rimmereid

Fitjar kulturskule vil frå skuleåret 2013/2014 tilby gratis storgruppeundervising i ukulele for elevar på 4. trinn. Dette tilbodet er i tråd med regjeringa si satsing på gratis kuturskule til elevar på 1. til 4. trinn. Overføringa til Fitjar kommune er  diverre ikkje stor nok til at me kan tilby undervisning til alle desse elevane. Kulturskulen vil difor tilby storgruppeundervisning i ukulele til elevar som går på 4. trinnet skuleåret 2013/2014. Undervisinga vert prosjektvis og skal foregå rett etter skuletid, også kalla SFO-tida, ved alle skulane i kommunen. Tilbodet er gratis, men har dei same rettningslinene for oppmøte som anna undervisning i kulturskulen har. Kulturskulen har ukuleler som elevane kan få låna på timane, men det vert ikkje høve til å få med desse instrumenta heim. Søk plass på  samme måte som dei andre tilboda, her

Ein kan lesa meir om gratis kulturskuletime her 

 

Kontakt oss