Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Trollete konsert på biblioteket.

Oppretta: 28.01.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fredag 25. januar hadde 17 elevar frå kulturskulen heile 3 trollkonsertar på biblioteket. Alle barnehagane i kommunen var inviterte.

Elevane hadde fått fri frå skulen heile dagen for å vera med på trollkonsertane. Me starta med øving kl. 9.00, før fyrste konsert tok til kl. 9.30. På den fyrste konserten kom Årskog og Fitjarstølane barnehagar. Neste konsert var kl. 10.30, da var det Fjellheim friluftsbarnehage som var publikum, og dagen blei avslutta med konsert kl. 12.00 for Bakken barnehage og elles andre som hadde lyst å koma. Elevane i kulturskulen hadde førebudd seg godt, og spela og song flott! På programmet var kjente og kjære trollsongar som Olle Bolle, Hokus og Pokus og Når trollmor har lagt sine ellve små troll. Litt nye songar hadde me også med, Trollebarna og Trylletrollet. Nokre elevar spela musikk som hadde trollete titlar, som til dømes Trollmarsj, Trollballet og Fjelldans. Kjekt var det også når bibliotekar Elin Siglen fortalte eventyret om dei 3 bukkane bruse. I matpausen koste me oss med bollar og juice. Trollunger på biblioteket                                 Elin fortel om Bukkane Bruse!Tommy spelar Haba Haba    (Foto Helga Rimmeried)        

Kontakt oss