Tre pokalar til Fitjar skulekorps
21.11.2011

Under laurdagens Sotrafestival gjorde Fitjar skulekorps sine saker særs bra - dei ende opp med å ta heile 3 pokalar heim til Fitjar. 1. plass i 3. divisjon, solistpris til Anne Lunde (kornett) og til sist vandrepokal for høgaste poengsum i heile konkurransen. Fantastisk!!!! Fitjar skulekorps sitt juniorkorps deltok også, i deira klasse er det ikkje poeng og plassering, men tilbakemeldingar frå dommarane, og tilbakemeldingane var veldig gode! Dirigent Sven Roger Koppang var særs godt nøgt med både store og små. Les meir om Sotrafestivalen her