Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tid for å søkje plass i kulturskulen

Oppretta: 11.03.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Det er no tid for å søkje plass i kulturskulen. 

Fitjar kulturskule vil frå august 2013 kunna tilby undervisning i:

  • Song (frå 4. trinn)
  • Drama/teater (frå 5. trinn)
  • El-bass (frå 3. trinn)
  • Piano (frå 1.trinn)
  • Gitar (frå 3. trinn)
  • Slagverk (frå 2. trinn)
  • Fiolin (frå 1- trinn)
  • Tverrfløyte (frå 2. trinn)
  • Dans (frå 4. år)  
  • Band (frå 5. trinn)
  • Messingblåseinstrument(aspirantopplæring, Fitjar skulekorps), frå 3. klasse.
  • Tilrettelagt undervisning (elevar med særskilde behov)
  • Visuelle kunstfag (frå 5. trinn)
  • Ukulele (gratis tilbod for elevar på 4. trinn, sjå eigen informasjon artikkel ovanfor)

Søk plass her

Opptaket vert i starten av juni.

 

Undervisning går føre på ettermiddagstid, og det meste av undervisninga er lagt til Rimbareid barne - og  ungdomsskule.

 

Undervisning er lagt til ettermiddagstid, og det meste av song og instrumentalundervisninga er ved Rimbareid barne- og ungdomsskule. Dans- og dramaundervisinga er i Fitjar kultur og idrettsbygg, Visuelle kunstfag er i ”Losjehuset” og prosjektvis storgruppeundervisning i ukulele er ved alle skulane.

Har de spørsmål kontakt rektor i kulturskulen Anne Lene Østvold Jordåen, ho er å treffa på kontoret i Rådhuset kvar onsdag og torsdag kl. 08.00 – 14.00, tlf. 53458553. Ein kan også senda e-post til anle@fitjar.kommune.no

ELEVAVGIFT: Elevavgifta er kr 2660 pr. år. Avgifta vert betalt forskotsvis ein gong pr. semester (kr 1330). Elevar kan ha meir enn ein elevplass, men skal da betala avgift for kvart nytt fag etter same modell som for syskenmoderasjons- ordninga.

Fitjar kulturskule har slik  syskenmoderasjonsordning:30% reduksjon for elevplass 2 eller fleire

OPPSEIINGSFRISTAR:Elevar må binda seg for minst eit halvt år, og eleven/føresette må senda skriftleg oppseiing av elevplassen dersom eleven skal slutta. Elevar som sluttar  ved nyttår må seia opp plassen innan 1. desember. Elevar som sluttar til sommarferien må seia opp plassen innan 15. mai. Om desse fristane ikkje vert overhaldne, må ein betale elevavgift for det etterfølgjande semesteret, uansett om plassen vert nytta eller ikkje.

LEIGE AV INSTRUMENT: Kulturskulen har tverrfløyter og fiolinar til leige. Leigeprisen er kr 300 ved fyrste års leige og kr 400 ved andre (eller fleire) års leige. Instrument til aspirantopplæringa vert lånt hjå Fitjar skulekorps. (Det er ikkje mogleg å leiga gitar, ukulele, piano, keyboard eller slagverk)

ELEVINSTRUKS

  • Dei som vert tekne opp som elevar må binda seg for minst eit halvt år. Ynskjer ein elev å avbryta  udervisninga midt i eit semester, kan vedkomande i særskilde høve få innvilga permisjon for resten av semesteret.
  • Oppseiing må skje skriftleg og innan fastsette fristar. Fristane er 15. mai når ein skal slutte til sommaren, og 1. desember når ein skal slutte til jul.
  • Elevavgifta skal betalast forskotsvis for eit halvt år om gongen (haust- og vårsemester). Elevavgifta vert berre refundert ved lengre tids sjukdom (meir enn 4 veker) eller ved flytting frå kommunen.
  • Elevane pliktar å møta presis og førebudd til undervisningstimane. Sjukdom eller anna tvingande grunn til fråvær skal det om mogeleg gjevast melding om på førehand til eleven sin lærar, eller ved melding på første frammøte etter fråværet. Elevane kan ikkje få att timar dei har skofta.
  • Dersom eit av skulen sine instrument vert skada, må ein straks gje melding til skulen sitt kontor. Dersom skaden skuldast aktlaus handsaming , må elevane sjølv betala reparasjonen. Dette gjeld både leigeinstrument og skulen sine andre instrument.
  • Kulturskulane kan, etter tilråding frå rektor, utestengja elevar frå undervisninga dersom dei er fråverande gong på gong utan melding, dersom dei viser manglande interesse for skulearbeidet eller av disiplinære årsaker.  Elevar som når dei representerer kulturskulen har nytta rusmidlar, eller av andre årsaker opptrer i strid med kva kulturskulen står for, blir utestengt frå undervisninga for kortare eller lengre tid. Ved utestenging frå undervisninga skal heimen ha ei skriftleg grunngjeving for utestenginga.

Søknadsfrist er 1. mai 2013.

Utvida frist for aspirant/messingundervisning 1. juni 2013.

Kontakt oss