Tid for å søkja plass i kulturskulen
11.03.2009
Det er no tid for å søkja plass i Fitjar kulturskule for skuleåret 2009/2010. Kulturskulen har undervisning i song, gitar, tverrfløyte, piano, messinginstrument (aspirantopplæring til Fitjar skulekorps) og startar opp med nytt tilbod i dans frå skuleåret 2009/2010.
Søknadsfrist er 1. april.
Søknadsskjema finn ein i kundetorget i Rådhuset og i resepsjonen ved den enkelete skule. Ein kan også søkja elektronisk her: https://kommune24-7.no/Prompt.aspx?eDocumentTemplateID=8c3677cf-537e-411d-bfdb-f2c604193c51&SubscriberConsumerID=16ffe45e-e906-4d8b-aba0-10baf63e0b4f
Undervisninga i kulturskulen går føre på ettermiddagstid, og det meste av undervisninga er lagt til Klokkargarden/Rimbareid skule. Er elevgrunnlaget stort nok vert det også undervisning i krinsane Sælevik og Øvrebygda.
Elevar frå Fitjar kan søkje om plass i Stord kulturskule, på tilbod me ikkje har io Fitjar. Undervisninga til Stord kulturskule er sentralisert i Stord kulturhus, Leirvik.
Har de spørsmål kontakt rektor i kulturskulen Anne Lene Østvold Jordåen, ho er å treffa på kontoret i rådhuset kvar måndag og onsdag kl. 08.00 - 13.15. tlf. 53458553.