Sjongleringskveld
08.04.2010

Torsdag 11. mars var 35 spente elevar samla i gymsalen på Rimbareid skule. Me fekk besøk av 2 karar frå sjongleringsgruppa "Flaks". Dei skulle læra oss litt av kvart om sjonglering.
Det var mange ballar i lufta, nokre høgt andre lågt....... mange konsentrerte blikk og armar. Me sjonglerte både med ein, to og tre ballar! Etterpå var det innføring i diabolo og flowerstics, veldig spanande det også!
Torbjørn og Anders, frå "Flaks" viste også ein del triks til oss - me satt mållause og såg på. Takk for ein kjekk kveld!

Heile gjengen samla!