Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Reglement og opptakskriterier for Fitjar kulturskule

Oppretta: 04.02.2015 – Sist oppdatert 04.02.2015

På kommunetyret i november blei det vedtatt nye opptakskriterier og reglement for kulturskulen.


Kriterier for opptak av elevar til Fitjar kulturskule.

Det er ei målsetting at Fitjar kulturskule skal drive effektivt og utnytte sine ressursar maksimalt. Det skal difor takast omsyn til å laga gruppeundervisning der det er mogeleg og naturleg.

Opptak av elevar skjer etter fylgjande reglement:

Elevane delast i 2 grupper:

1. Elevar som har plass og skal vidareføra tilbodet

2. Nye elevar

Gruppe 1:    Elevar som har elevplass/vidareføring av tilbod

  1. Elevar som allereie har plass, beheld denne
  2. Elevar som flytter til Fitjar kommune frå annan kommune der dei har hatt plass i kulturskulen, skal prioriterast.
  3. Elevar som har vore sjukemeldte eller liknande, skal prioriterast.

 

Gruppe 2:    Nye elevar

  1. I hovudsak skal elevar prioriterast etter søkedato, den som har stått lengst på ventelista får plass fyrst. I enkelte høve kan ein avvike frå dette, det gjeld ved gruppeundervisning og av omsyn til timeplanlegging. Det skal alltid takast omsyn til å få plass til flest mogleg elevar og best utnytting av resursane. Elevar vert berre sett på søkjarliste om dei oppfyller dei krav kulturskulen har til alder på dei ulike tilboda*
  2. Elevar som ikkje har tilbod i kulturskulen skal prioriterast fyrst, men om eleven har plass ved storgruppeundervisning vert dei prioritert på lik line med elevar som ikkje har plass. Med storgruppeundervisning meinast tilboda innan: aspirantopplæring til Fitjar skulekorps, dans, drama/teater og visuelle kunstfag.                                    
  3. Elevar med særskilde behov kan etter vurdering prioriterast plass.
  4. Foreldre/føresette som søkjer om fleire tilbod samtidig, vil dersom dei får tilbod om ein eller fleire plassar bli stroken frå dei andre ynskja og må søkje på nytt om det er ynskje om plass på fleire tilbod.

* Aldersgrenser for dei ulike tilboda:

Frå fylte 4 år:     Dans

Frå 1. trinn:        Fiolin, piano

Frå 2. trinn:        Tverrfløyte

Frå 3. trinn:        Aspirantopplæring til Fitjar skulekorps, gitar, song, el-bass

Frå 5. trinn:        Drama/teater, visuelle kunstfag, band

 

 

Reglement for Fitjar kulturskule 

Skuleåret

Skuleåret går over 38 veker og fylgjer med det grunnskulen si skulerute med dei fridagar, plandagar og feriar som ligg der.

Søknadsfristar

Det er moglege å søkje om plass gjennom heile  skuleåret. Hovudopptaket av elevar vert gjort i overgangen mai/juni, vert det ledige plassar i løp av skuleåret tek ein inn elevar fortløpande. Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema, det er å finna på Fitjar kommune si heimeside.

 Oppseiingsfristar

Elevar må binda seg for minst eit halvt år, og eleven/føresette må senda skriftleg oppseiing av elevplassen dersom eleven skal slutte. Elevar som sluttar ved nyttår må seie opp plassen seinast 1. desember. Elevar som sluttar til sommarferien må seia opp plassen seinast 15. mai. Elevar som seiar opp plassen midt i semesteret må betale for heile semesteret.

Elevavgift

Elevavgifta vert sett av kommunestyret, oppdatert pris ligg på Fitjar kommune si heimeside.                              

Leige av instrument

Kulturskulen har tverrfløyter og fiolinar til utleige, oppdatert pris ligg på Fitjar kommune si heimeside.

 Undervisningsstader

Fitjar kulturskule har sentralisert undervisning, knyta til Rimbareid barne og ungdomsskule eller Fitjar kultur og idrettsbygg.

Oppmøte

Eleven forpliktar seg til å møte førebudd til undervisninga, om eleven er borte meir enn 3 veker på rad og ikkje melding om dette er gitt til lærar, kan eleven miste plassen i kulturskulen.

Øving

For at eleven skal få utbyte av undervisninga, må han sjølv ha instrument heime og vera viljug til å øve. For elevar som får undervisning i piano og slagverk, skal dei ha tilgang til å øve på instrument som har full storleik.

 Avlysing av undervisninga

Når lærarar vert sjuke, vil kulturskulen engasjere vikarar. Av og til kan det vera vanskeleg på kort varsel. Når det skjer, kan det bli naudsynt å avlyse timen. I slike høve skal kulturskulen varsle føresette, det vert gjort ved utsending av sms. Føresette/kundar kan krevje refusjon i elevavgifta om kulturskulen har avlyst undervisninga meir enn tre gangar i eit semester.

Kontakt oss