Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

PAPIR

Oppretta: 28.01.2009 – Sist oppdatert 25.03.2014

Kulturskulen starta 2009 med å invitera kunstnaren/designaren Jørund Fjøsne til å gjennomføra eit kunstprosjet for elevane våre. Alle kulturskulen sine elevar som går på 5 og 6 trinn fekk tilbod om å vera med.

Elevane var samla i kultursalen onsdag og torsdag i veke 3 og arbeidde med papir. Jørund tok elevane inn i ei "anna verd" der dei fekk leika seg med papir, tegna, improvisera musikk og rørsle. Alt dette med utgangspunkt i heilt nyskriven musikk av Knut Vaage. I løp av prosjektet laga elevane ein flott skulptur som nå står utstilt ifoajeen i kultur og idrettsbygget. Elevane var særs nøgde med prosjektet - og spørsmålet var: får me vera med på dette ei anna gong og? Tusen tusen takk til Jørund som ville samarbeida med oss!

 

Du kan lesa meir om prosjektet på: http://www.fitjarposten.no/artikkel/3294_kjekk-prosess-og-spennande-resultat

Alle foto: Helga Rimmereid

Kontakt oss