Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Opptak av nye elevar

Oppretta: 28.05.2014 – Sist oppdatert 28.05.2014

Opptaket av nye elevar er gjennomført og det er sendt ut brev til alle som har fått plass og alle som ikkje har fått plass.

Alle som har plass inneverande skulår beheld plassen sin vidare, så sant ein ikkje har sagt opp innan 15. mai. Har ein fått plass i kulturskulen, har ein denne heilt til ein sjølv seier han opp.

 

Kulturskulen opplev også i år at veldig mange ynskjer plass, heile 98 plassar er det søkt om. Nokon elevar søkjer på to tilbod, slik at antal elevar som søkjer er noko lågare. I år har kulturskulen i samråd med skulesjefen bestemt at elevar som ikkje har song-eller instrumentalundervisningstilbod frå før vert prioritert plass. Av søkjarane i år var det ein del som allereie har plass på song- eller instrumentalundervisning, desse har ikkje blitt prioritert.

Nedanfor er ein tabell som syner søkjarar og plassar som er ledig.

Tilbod

Søkarar

Ledig kapasitet frå 01.08.14

Piano

28

4

Gitar

18

0

Slagverk

14

6

Song

9

0

Fiolin

3

0

Tverrfløyte

2

2

Aspirantopplæring

5

12

Tilrettelagt undervisning

1

1

Dans

7

15

Drama/teater

4

4

Visuelle kunstfag

4

6

El – bass

0

0

Kontakt oss