Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Opptak av nye elevar

Oppretta: 27.05.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

 

Foto: Helga Rimmereid

Opptak av nye elevar er no gjennomført og brev sendt ut til alle saman. I år var det heile 99 søknader til dei ulike tilboda, fordelt på 60 elevar (mange elevar søkjer om plass på fleire tilbod). Diverre er det mange som ikkje får plass, dette gjeld særleg på instrumentalundervisning. I år har heile 17 elevar søkt om plass på slagverk, diverre har berre 2 av dei fått plass. Det er også lange ventelister på song, piano og gitar.

Sjølv om det framleis står mange elevar på ventelista sett kulturskulen ny rekord med antal elevplassar, frå august har kulturskulen heile 200 elevplassar!

 

Kontakt oss