Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nytt tilbod i kulturskulen

Oppretta: 30.01.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Kulturskulen skal i august starta opp med undervisning i tverrfløyte. Lærar her vert Anne Lene Østvold Jordåen. Ho er utdanna fløytist og arbeider som rektor i kulturskulen på Fitjar. Anne Lene underviser også i tverrfløyte ved Stord kulturskule. Fitjar kulturskule har fløyter til utleige. Søknadsfrist er 1.april. Denne fristen gjeld også alle andre tilbod i kulturskulen.

Fitjar kulturskule har hatt undervisning i tverrfløyte tidlegare år, så det er ekstra kjekt å kunne tilby slik undervisning igjen. Undervisning vert i Klokkargarden, rett etter skuletid.

Kontakt oss