Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nordpluss junior besøk

Oppretta: 15.11.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

I veke 44 hadde kulturskulen besøk av 8 kulturskulelærarar frå Latvia, Estland, Litauen og Finland. Fitjar kulturskule har blitt med i eit internasjonalt samarbeid gjennom organisasjonen Nordpluss junior, og det var midler frå denne organisasjonen som brakte kulturskulelærarane hit. Vil du lesa meir om besøket sjå her

 

I løpet av dei 4 dagar lange opphaldet gjennomføret me eit kjekt og variert program, mellom anna musikkleik med barn frå Bakken og Årskog barnehage, tur til Rimsvarden, besøk hjå kunstnaren Jørund Fjøsne og konsert i kulturhuset på Leirvik. Me hadde og satt av tid ti lein del  samtaler, det er spanande å utveksle erfaringar og idear. Torsdagen gjennomførte me eit større kunstprosjekt med 7. og 10. trinn på Rimbareid skule. Det blei arbeidd med ull og papir og resultata var strålande.

I løp av 2014 skal lærarar frå Fitjar kulturskule få dra 2 ganger på besøk til Latvia!

Kontakt oss