Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Konsert 23. februar

Oppretta: 10.02.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Foto: Helga Rimmereid

Det vert konsert torsdag 23. februar kl. 18.00, i gymsalen, Rimbareid skule.

Det vert eit flott og variert program!  Me skal få innslag med elevar frå SFO på Rimbareid skule, dei har hatt prosjekt med lokale songskattar og dansar, i tillegg skal me få oppleva ei av dei nystarta dansegruppene våre, me skal få sjå kva dei eldste elevane har prøvd seg på i deira prosjekt med parkour. Elevar frå 3. trinnet på Øvrabygda kjem med sine minifløyter - og sjølvsagt vert det elevar på song, piano og fløyte.

Velkomen til spanande konsert!!

Kontakt oss