Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Glimt frå tur til Latvia

Oppretta: 11.05.2014 – Sist oppdatert 11.05.2014

 

I veka før påskeferien var Jorunn Whittaker og Anne Lene Østvold Jordåen på utvekslingstur til Latvia. Turen var ein del av utvekslingsprogrammet Fitjar kulturskule er inne i dette skuleåret i lag med kunst og kulturskular i Latvia, Estland, Litauen og Finland. 

Heile utvekslingsprogrammet er finansiert med midlar frå Nordpluss Junior. I haust var representatar frå dei deltakande landa på besøk på Fitjar og i vår var Fitjar på besøk hos dei. Det var lagt opp til fleire omvisningar og besøk på forskjellige kunstskular, galleri, muesum og bibliotek, samt ulike workshops der deltakarane underviste kvarandre og elevar ved Saldus Art school. Jorunn og Anne Lene hadde ei kjekk økt med norske fokedansar for førskuleborn!

 

Den eine kvelden var det danseoppvisning, her ser me ei gruppe barn som dansar Latvisk folkedans.

Kontakt oss