Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Framleis ledige plassar på visuelle kunstfag

Oppretta: 12.12.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Foto: Anne Lene Østvold Jordåen

Frå januar 2013 startar kulturskulen opp med eit nytt tilbod – ”Visuelle kunstfag” .  ”Visuelle kunstfag” er eit samleomgrep på både teikning, maling, keramikk, tekstil og anna visuell kunst, i vår undervisning har me valt å ha fokus på teikne og maleteknikkar.

 

 

Lærar i dette faget blir Toril Berger Falk (som også er dramalærar). Torill har arbeidd mykje med visuelle kunstfag og har mellom anna illustrert barneboka «Eddy Edderkopp».

Undervisinga vert tysdagar kl. 17.30, det er ennå litt usikkert kva lokale undervisinga skal vera i, men det vil vera på plass ved oppstart i januar.

I fyrste omgang har me berre resursar til å starta opp med ei gruppe – det vert difor tilbod til elevar frå 5. trinn og oppover.

I tillegg til vanleg elevbetaling (kr 1270.- i semesteret)  kjem ei lita materialutgift på kr 100.- i semesteret.

Søknadsfrist er 15. desember 2012.

Søk plass her

Kontakt oss