Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Flott sommarkonsert

Oppretta: 02.06.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

 

Marte spelar blomster småÅrets sommarkonsert gjekk av stabelen torsdag 29. mai i kultursalen i kultur og idrettsbygget. Skulekorpset starta med å spela tre fengande melodiar, dirigert av Svein Roger Koppang. Etterpå var det ei avdeling med elevar på piano, gitar og song. Me fekk høyra mange flotte pianostykker, ekstra kjekt å høyra fleire pianoelevar i sving samstundes. Songelevane song kjente songar, Think Twice, Fly me to the moon og Fly with me. Argentinsk dans og Norwegian Wood var bidraget frå gitarelevane, flott! Til slutt i programmet spela Fitjar musikklag.

 

 

 

Skulekorpset

På konserten skulle også jentene frå danseprosjektet delteke, men grunna sjukdom til danselæraren måtte dette innslaget avlysast, det var veldig synd.

 

Mange foreldre, besteforeldre og vener møtte opp på konserten. Kjekt var det også at dei inviterte frå administrasjonen i kommunen og politikarar kom  til  konserten.

Fly me to the moon

Kontakt oss