Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

FAU i kulturskulen

22.09.2011

Fitjar kulturskule har vakse seg større dei siste åra og det er med stor gleda me denne hausten har heile 110 elevplassar. Når me no har alle desse elevane engasjerte i kulturskulen kjem også spørsmålet om skulen burde hatt eit foreldre arbeidsutval – eit FAU.  

Norsk kulturskuleråd, Hordaland (her er Fitjar kulturskule medlem) har sett ”FAU i kulturskulen” som eit av sine satsingsområde for perioden 2011 – 2013. Det er difor naturleg å få til eit slikt utval her på Fitjar også.

 

FAU skal vera foreldrestyrt, men rektor i Fitjar kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen, vil svært gjerne vera den som trekkar i trådane for å få dette til. Ho kan også gjera dei praktiske tinga rundt utvalet, senda ut innkallingar og anna det vil vera trong for.

 

Styret skal bestå av 4 representantar + 2 vara, me reknar med å ha møte 1-2 gongar i semesteret.

 

Er du interessert – eller har du gode kandidatar? Ta kontakt med Anne Lene, ho er å treffa på kontoret torsdagar og fredagar kl. 08.00 – 13.00, tlf 53 45 85 53 eller send ein e-post til anle@fijar.kommune.no

 

Me satsar på å få til eit FAU i løp av hausten – og at fyrste møte vert i januar/februar 2012.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no