Danseprosjekt
12.12.2007
Kulturskulen inviterar med dette alle elevar på 5-7 trinn til å bli med på danseprosjekt, vinter 2008.
Me har vore så heldige å fått Anne Jorunn Salhus til å leia prosjektet. Anne Jorunn arbeidar til dagleg i Tysvær kulturskule, men er og aktiv som frilandser.
Ho kjem til å ta utgangspunkt i jazzdans sjangeren. De vil læra ein del øvelser og steg, og etter kvart setta dette samen til ein eller fleire danser.
Undervisninga er lagt til kultursalen i kultur og idrettsbygget. Det vert intense øktar i veke 7, 9 og 10, med framsyning torsdag 6. mars 2008. Undervisninga vert onsdagar og torsdagar kl. 17.00 – 20.00 i desse vekene.
Dansekurset er opent for alle grunnskule elevar på 5 – 7 trinn i kommunen og er eit samarbeid mellom Fitjar kulturskule og Den kulturelle skulesekken.
Har de spørsmål ta kontakt med rektor i Fitjar kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen. Ho er å treffa på kontoret i Rådhuset måndagar og onsdagar kl. 08.00 – 13.00 tlf. 53458553,eller send ein e-post til anle@fitjar.kommune.no .Vil du melda deg på send da ein e-post til anle@fitjar.kommune.no, som inneheld opplysningar om elevens og føresettes namn, klassetrinn og adresse/ tlf.nr.
Dansekurset har plass til 20 deltagarar, så her gjeld det å vera snar og melda seg på!