Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Balle Frost og leiketøybanditten

Oppretta: 12.11.2014 – Sist oppdatert 12.11.2014

Kulturskulen og skulekorpset har premiere på musikalen "Balle Frost og leiketøybanditten" torsdag 27. november kl. 18.00, i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg. Det vert også framsyningar fredag 28. november og laurdag 29. november. Det er førehandssal av billettar hos Thea Træet, det vert og anledning til å kjøpa ved inngangen.

I "Balle Frost og leiketøysbanditten" er handlinga lagt til ein liten norsk landsby der det plutseleg ei natt blir  gjort innbrudd i leiketøybutikken. Gjerningsmannen er ein skummel banditt. Christina Tørner (Tina) og hennar fem vener blir veldig triste da dei oppdagar tjuveriet.
Dei bestemmer seg for å ta kontakt med privatdetektiv Albert Frostad alias Balle Frost. Balle Frost har oppklara mange mysterie tidlegare. Saman legg dei ein smart plan. Dei må lokka Leketøybanditten i ei felle. Dei arrangerer ein storslått byfest med leiketøyutstilling. På festen vert det stilt ut gamle og nye leiker og barn og vaksne underheld kvarandre. Og som planlagt; da nattemørket senkar seg etter festen dukkar den skumle banditten opp og forsyner seg grådig av leikene...
Ei spanande jakt er i gang …!

Velkomen til musikal!!

Kontakt oss