Velkommen
20.08.2007
Fitjar kommune og eg som ordførar er glad for å kunne ynskje velkommen til våre nye nettsider. Me såg etter kvart behov for å oppgradera våre nettsider som har vore i drift sidan 2001.
Dei nye nettsidene har ikkje berre fått ny design, men også nye funksjonar som skal gjera dei betre og enklare å bruka. Eit vesentleg moment var å få dei meir brukarvenleg. Nettsidene legg no opp til meir sjølvbetjent for brukarane.
Når me tek i bruk nye sakshandsaminssystem vil ein også kunne gå inn å lese postlister frå kommunen samt ein mengde søknadsskjema vil kunne bli elektronisk.
Me vil prøva å halda nettsidene oppdatert så langt det let seg gjera med vår bemanning. Ein vil også finna eit val som heiter ”Kva skjer i Fitjar”, denne har link til Fitjarposten sine tilsvarande sider.
Dei nye nettsidene er utvikla av Lars Dyhrfjeld i Nor PR AS.
Med venleg helsing
Agnar Aarskog
Ordførarar