Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Spørjeskjema til hytteeigarar og andre brukarar av Fitjarøyane

Spørjeskjema til hytteeigarar og andre brukarar av Fitjarøyane

Oppretta: 13.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Dette spørjeskjemaet er ein del av Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane. Som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har nye næringar og arbeidsplassar, knytt til kystlandskapet vårt, som målsetting.  Tiltaket vil også involvera deg (hytteeigar og båtfolk), som ynskjer framgang i regionen og ikkje minst eit velstelt landskap i Fitjar. For å skissera gode tiltak for auka bruk, samstundes som kulturlandskapet vert teke vare på, så ynskjer me å vita kva tankar og ynskjer eigarar av fritidseigedomar, båtfolk m.fl. har, om aktivitet/tiltak i Fitjarøyane?

Det har tidlegare vore fast busetting på 40 av desse øyane, noko som viser att i eit spanande kulturlandskap med kystgardar, innmark og lyngbeite. Dette øyriket er rekna som nasjonalt verdifullt pga kystlyngheiane (vart i 1986 føreslått som nasjonalt verneområde). I dag er det m.a. hytter, gardsbruk, som vert nytta som fritidsbustad, samstundes er det no fast busetting på fire av øyane. Båtturismen har auka dei siste åra. Nokre øyar er i sterk attgroing, samstundes som skjøtsel av lynghei og beiting har hatt ein auke.

Det er ei målsetting og ha ein aktivitet som tek vare på dette verdifulle kulturlandskapet i øyane.
SFLMK har tidlegare sendt ut spørjeskjema til eigarar og brukarar av landbrukseigedomar i same området. No vil me å vita kva tankar og forventningar/ynskjer eigarar av fritidseigedomar og båtfolk har for framtida til Fitjarøyane?

Dersom du ikkje ynskjer å senda svar via internett/mail kan du skriva ut skjema og senda det pr. post til
SFLMK, postboks 83, 5418 Fitjar. Ta kontakt med Aase Nøttveit, Stord Fitjar landbruks- og mijøkontor asno@fitjar.kommune.no eller telefon 53458500. Svar helst innan 01.07.2007

Gå til spørreundersøkelsen.

 

Kontakt oss