Øvrebygda skule.
Skulestart på Øvrebygda skule
14.08.2007
I år vert me 54 elevar på Øvrebygda skule. Det er like mange gutar som jenter. I første klasse startar det 5 nye elevar. Første skuledag vert måndag 20. august, og med oppstart frå klokka 8.40.
I år legg me om på skuledagen. Skuledagen vil ha lengre samanhengjande økter. Då kan me arbeida meir samanhengjande, utan å bryta opp i ei god arbeidsøkt. Klassane kan leggja inn pausar under vegs, slik at elevane kan få lufta seg og få vera i fysisk aktivitet.
Skuledagen vert slik:
ØKT 1: 8.40 - 10.00 Pause: 10.10 - 10.25
ØKT 2: 10.25 - 11.10
MIDTTIME: 11.10 - 11.50
ØKT 3: 11.50 - 13.20
Pause: 13.20 - 13.30
ØKT 4: 13.30 - 14.15.
I år er me inne i det andre året med ny læreplan. Elevane vil i år få nye lærebøker i norsk, engelsk og matematikk. Sjuande klasse må diverre venta ti med nye bøker, då bøkene enno ikkje er ferdige i desse faga på sjuande trinnet.
Satsingsområde dette året er: Me ynskjer eit godt læringsmiljø.
Me ynskjer eit godt samarbeid mellom heim og skule.
Lærarane skal få arbeidsplassar som er funksjonelle.