Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Bjørn Moe, Atle Bjørn Mæhle, Liv Kari Eskeland og Per Fadnes

Bjørn Moe, Atle Bjørn Mæhle, Liv Kari Eskeland og Per Fadnes

Siste nytt –Rapport for biologisk mangfald tilgjengleg for ålmenta

Oppretta: 03.07.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Kartlegging av biologisk mangfald på Stordøya er no utbetra med den ferske rapporten Naturtypar i Stord og Fitjar (Moe og Fadnes 2008). Tidlegare er det gjennomført ei kartlegging av viktige viltormåde- Viltet på Stord (Steinsvåg og Overvoll 2004).

 

1. juli hadde kommunane lansering av den nyaste rapporten - Naturtypar i Stord og Fitjar. Hovudpersonane som har utarbeida rapporten er Bjørn Moe (Botanisk utredning) og Per Fadnes (Høgskulen i Stord/Haugesund). Frå kommunane møtte Liv Kari Eskeland (ordførar), Alte Bjørn Mæhle (kommunalsjef), Turid Verdal (Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor) og Ove Gjerde (tidlegare dagleg leiar for Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor, og prosjektansvarleg for naturtype kartlegginga). Ordførar i Fitjar, Harald Rydland, kunne dessverre ikkje møte.

 

Kommunane er svært stolte over å ha fullført kartlegginga, og rapportane har fått gode skyldsmål frå ein rekke faginstansar. Rapportane vil bli nytta i den daglege kvardag i kommunane, både administrativt og politisk, samt at rapportane kan nyttast av barnehagar, skuleklassar og andre interessentar.

 

Floraen på Stord er svært spesiell då ein kan finne både fjellflora og kystflora, samt plantar si austlegaste og nordlegaste utbreiing. Klimaet, geologien og topografien på Stord er hovudårsaka til at ein har det unike plantelivet her på øya. Stord har i mange høve vorte kalla "Noreg i miniatyr".

 

I rapporten er det registert 27 naturtypar og det er kartfesta og skildra 99 lokalitetar, fordelt på 48 i Fitjar og 51 i Stord. Naturtypen som har flest registerte lokalitetar er skog, deretter følgjer kulturlandskap, ferskvatn/våtmark, myr, kyst-/havstrand og kalkrike område i fjellet. Dei ulike registreringane er verdsett i samsvar med DN-handbok. 28 lokalitetar er vedsett som svært viktige område (A), 21 som viktige område (B) og 40 som område med lokal verdi(C). Kvar enkelt lokalitet er gitt ein eigen omtale ("faktaark") bak i rapporten og den geografiske plasseringa er vist på kart. Både områdeskildring og lokalitetane si geografiske avgrensing finst òg på digital form og er lagt inn i Naturbasen, www.naturbase.no.

 

Rapporten inneheld òg ei oversikt over registrerte raudlisteartar innan gruppene karplanter, mosar, sopp og lav. Nokre av artane er presenterte med foto og ein omtale over dagens førekomst på Stord.

Raudlista sopp i naturbeitemark er gitt ein noko fyldigare omtale, og alle artane er presenterte med foto og omtale. Det er utarbeidd oversikter over registrerte karplanter (595 taxa) og sopp (531 taxa).

 

Bakgrunn og historikk for rapporten

I 1993 underteikna Noreg Riokonvensjonen, som er ein internasjonal avtale som forpliktar alle land å kjenne til og ivareta det biologiske mangfaldet innan landet sine grenser. I 1996-97 påla Miljøverndepartementet alle kommunane i Noreg at dei skulle kartlegga det biologiske mangfaldet i sin kommune, jf. Stortingsmelding 58 (1996-97). I samband med dette vart det utarbeida ei handbok med oversikt over viktige naturtypar og ei rettleiing for korleis naturtypane skal kartleggjast. Stord og Fitjar var med i som prøvekommune for utarbeidinga av handboka.

Arbeidet med kartlegging av naturtypane på Stord starta opp som to individuelle prosjekt, der Oscar Ingebrigtsen (tidlegare Miljørådgjevar) jobba for rapporten i Stord og Ove Gjerdes saman med ei lokal resursgruppe i Fitjar. Etter kvart såg ein fordelane med å samla registreringane for Stord og Fitjar til ein heilskapleg rapport. Det er mange som har medverka til at rapporten no er ferdig, ein kan m.a. nemna Arne Vatten, Olav Overvoll, Magnus Johan Steinsvåg, Sørheim (Floraen på Stord 1969), samt det botaniske miljøet på øya.

Link til rapporten.

Kontakt oss