Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

SIM tilbyr refleks på bosdunkane

SIM tilbyr refleks på bosdunkane

Oppretta: 14.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Så lenge opplaget rekk, tilbyr avfallsselskapet SIM sine abonnentar gratis refleksstriper til å lima på bosdunkane. Refleksane er meint å motverka at dunkane skaper trafikkfarlege situasjonar ved at dei bles over ende eller vert ståande på tømmeplassen etter tømming.

 

- Med det vêret me har hatt i vinter, er det ikkje fritt for at dunkar har blese ut i vegen. I mørkret kan dunkane vera vanskelege å sjå. Refleks vil gjera dei meir synlege, seier SIM sin informasjonsmedarbeidar, Torleiv Agdestein.

Han strekar under at dunkane etter forskrifta ikkje skal plasserast i vegen, og at det er abonnenten sitt ansvar å dra dunkane heim etter tømming.

Prosjektet er eit prøveprosjekt, for å testa ut om refleksane tåler vêr og røff behandling. Dersom erfaringane vert gode, vil SIM trykka nytt opplag til hausten.

For å få tilsendt refleksar, må du melda di interesse på SIM si e-postasim@sim.as. sim.as. Så lenge opplaget rekk, vil kvar abonnent få tilsendt seks refleksstriper; to til kvar dunk. Det er også råd å få tak i refleksane på SIM sine miljøsentralar.

Eit bra tiltak
Rådgjevar Håkon Jentoft i bransjeorganisasjonen Avfall Norge seier han ikkje kjenner til at liknande har vore gjort her i landet før.

- Refleksprosjektet er bra. Vegstyresmaktene har nyleg vore i oss for å få skjerpa praksisen rundt plassering og merking av konteinerar og bosdunkar langs veg, så dette er eit steg i rett lei, seier Håkon Jentoft.

Kontakt oss