Rektor Onar saman med elevane som leskar seg i elva.
Sælevik skule nyt sommarveret på fjelltur
24.08.2007
Då ferien var over, skein endeleg sola. Heldigvis ligg det inne i skulens plan at me skal til fjells. Denne gongen var me snare med å kome oss avgårde medan sola enno skein. Foreldre og besteforeldre var kjekke og stilte opp med både biler og tursjokolade.
Turen i år gjekk frå Dalshaugane og opp til Tveitafjellet. Det vart ein strabasiøs og varm tur for dei minste, men med mange stopp og god motivasjon kom dei aller fleste opp.