Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Sælevik skule fekk første napp i vandrepokal

Sælevik skule fekk første napp i vandrepokal

Oppretta: 14.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Sælevik skule deltok i år på den årlege skeisemeisterskapen på Vikahaugane.

 

209 elevar frå Leirvik skule, Tjødnalia skule, Hystad skule og Sælevik skule hadde ein fin føremiddag på isen. Alle gjekk 50 m, og mange viste stort talent på skeiser. Arrangementet gjekk fint unna leia av røynde arrangører.

Sælevik skule med 74 % deltaking vann vandrepokalen denne gongen, og får ha han "på lån" eit år.Pokalen vert gjeven til den skulen som har høgast prosentvis deltaking. Leirvik skule fekk eit napp i pokalen ifjor. Det er berre å leggja seg i trening til ny meisterskap neste år.

Biletet viser elevar frå Sælevik skule som får pokalen overrekt av Odd Larsen.

Kontakt oss