Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Pressemelding - Informasjon om stenging av Bømlafjordtunnelen

Pressemelding - Informasjon om stenging av Bømlafjordtunnelen

Oppretta: 14.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Bømlafjordtunnelen stengd i juni for reinsk og sikring. Statens vegvesen har bestemt at den åtte kilometer lange undersjøiske Bømlafjordtunnelen må stengast i nokre veker frå midten av juni for få gjennomført nødvendig reinsk og vedlikehaldsarbeid. Årsaken er at Vegvesenet, i samband med rutinemessige kontrollar har oppdaga nedfall av massar bak vass- og frostsikringskvelven. Det vert sett inn ferje på Bømlafjorden i perioden tunnelen er stengd.

Geologar både frå Vegvesenet og utanfor etaten har etter omfattande undersøkingar konkludert med at omfanget av nedfallet ikkje er så stort at det er fare for at det skal komme stein på vegbana. Tunneltaket er dimensjonert for å tole vesentleg meir massar enn det som ligg oppe på kvelven. Det er heller ikkje umiddelbar risiko for meir nedfall i tunnelen. Vegvesenet ynskjer likevel å legge stor vekt på sikkerheit og at reinsk- og sikringsarbeidet difor skal skje så snart som råd. Arbeidet med å ta ned PE-platekvelven i to felt vil truleg starte i midten av juni. Massane som no ligg bak vass- og frostsikringskvelven vert fjerna før området på nytt vert sikra. Arbeidet er av ein slik art at det uråd å gjennomføre arbeidet med kun delvis stenging av tunnelen.

I perioden Bømlafjorden er stengd vert det sett opp ferjeruter mellom Valevåg og Skjersholmane.

- Vi er leie for dei ulempene dette måtte medføre for trafikantane på E39. Vi er likevel glad for at vi oppdaga nedfallet i samband med rutinekontrollar og at vi no kan få sikre tunnelen før det får utvikla seg. Vi ynskjer ikkje å ta nokon sjansar og har av den grunn valt å prioritere sikring framfor framkomst, seier Astrid Eide som er distriktssjef i Haugaland og Sunnhordland distrikt.

Kontakt oss