Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

PRESSEMELDING - E39 UFØRETUNELLEN MÅ REPARERAST

Oppretta: 21.11.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

MELDING OM MIDLERTIDIG STENGING 

E39 Uføretunnelen på Stord må om kort tid gjennom eit større reparasjonsarbeid. Natt til torsdag 22. november vert tunnelen midlertidig stengt for trafikk mellom 22.00 – 06.00  grunna omfattande inspeksjonsarbeid.

Den 610 meter lange Uføretunnelen ved E39 Jektevik på Stord opna for trafikk 1. oktober 2004. Ved rutinekontrollar om lag eitt år etter opninga vart det registrert sprekker i betonglaget som er sprøyta utanpå vass- og frostsikringa og som fungerer som brannsikring. Dette forholdet er teke opp som ein del av sluttdrøftingane av kontrakten med entreprenør Mesta. Statens vegvesen har rutinemessig følgt opp sprekkdanninga med kontrollar. I den siste tida har sprekkene utvikla seg på ein slik måte at Statens vegvesen og entreprenøren ynskjer å gjennomføre meir omfattande inspeksjonar snarast råd.

E39 Uføretunnelen vert stengd frå i kveld den 21. november kl. 22.00 til kl. 06.00 i morgon tidleg mens inspeksjonane pågår. I denne perioden vert det skilta omkøyring på gamlevegen på utsida av Uføretunnelen. Etter inspeksjonane vert det gjort vidare vurderingar om omfang av reparasjonsarbeid og tidspunkt for gjennomføring av dette arbeidet.

Kontaktperson Statens vegvesen

Astrid Eide, distriktssjef Haugaland og Sunnhordland distrikt, tlf. 51911735 / 90131516

Kontakt oss