Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Open dag på 280 brannstasjonar

Open dag på 280 brannstasjonar

Oppretta: 12.09.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Heile 280 brannstasjonar opnar dørene for publikum når den årlige ”brannvernuka” vert arrangert 17.-22. september. For sjette år på rad skal brannvesenet inspirere born og vaksne til å gjennomføra brannøvingar heime.

-------------------------

Alle born har brannøving i barnehagen og på skulen, og de fleste vaksne har brannøving på jobb. Det burde vere sjølvsagt at me har brannøvingar heime også, der me tross alt søv og oppheld oss mesteparten av tida, seier brannsjef Tore Nesbø.

 

Minst åtte av ti som døyr i brannar, omkjem  i bustadbrannar. No som me går inn i den tida på året da tal bustadbrannar vanlegvis aukar, treng folk ei påminning om brann sikkerheita i heimen. Me trekkjer innandørs, skrur på varme og lys, tenner levande lys og fyrer i omnen, seier Tore Nesbø.

 

I løpet av "Brannvernuka" vert det arrangert Open brannstasjon  på 280 steder over heile landet. I fjor fekk stasjonane besøk av over 160 000 menneskje. På brannstasjonane får både born og vaksne opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, brannbilkjøring og sløkkjedemonstrasjonar er noko av det publikum kan oppleve. Borna kan også gå gjennom ei kunnskapsløype, der dei får lære om mellom anna røykvarslarar, typiske brannårsaker og korleis dei skal opptre ved brann. I tillegg vil det bli delt ut 90 000 raude brannhjelmar til borna.

 

"Brannvernuka" vert organisert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunns sikkerheit og beredskap og forsikringsselskapet If. På landsbasis involverer kampanjen 212 kommunale og interkommunale brannvesen, i tillegg til mange lokale If-kontor og eltilsyn.

 

Lokalt er det Fitjar Brannvesen ved Tore Nesbø som står for gjennomføringa av arrangementet.

 

I vårt distrikt er det open brannstasjon i Årskog laurdag 22. september 2007 kl 10:00 - kl 14:00.

 

Oversikt over alle brannvesen som deltar og tid og sted for åpen brannstasjon, finnes på nettstedet www.brannvernuka.no.

 

 

Se også:

http://www.brannvernuka.no/

 

 

Kontaktpersoner:

Brannsjef Tore Nesbø - Tlf. 53 45 85 00

 

Kontakt oss