Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Ope møte - Næringsutvikling i Fitjarøyane

Ope møte - Næringsutvikling i Fitjarøyane

Oppretta: 07.09.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Kva kommer til å skje med  Fitjarøyane ?
Landskap - friluftsliv - landbruk - næring

 

Sted: Fitjar kulturhus
Tid: torsdag 20 september, kl. 19:00

 

Ei gruppe som består av grunneigarar i øyane, Fitjar bondelag, Friluftsrådet Vest, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland har arbeid med "forprosjekt for Næringsutvikling i Fitjarøyane". Ansvarlig for prosjektet er Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFLMK).

Brukarar, eigarar og bedrifter har fått tilsendt spørjeskjema som er grunnlag for ei viktig kartlegging av planar, tankar og ønskje som dere som brukarar har for Fitjarøyane. Takk til alle som har svart og på den måten gitt oss viktig informasjon.

Program:

  • Informasjon om prosjektet og ei fotoreise i Fitjarøyane.
  • Resultat av spørjeskjema.
  • Innlegg av stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn som ønskjer å peike på sentrale politiske vinklingar knytt til Fitjarøyane.
  • Lokale brukarar vil fortelje om erfaringar, planer og tankar for bruk av øyane.
  • Jon Karstein Hustveit fortel opp erfaringar og samarbeidsmodellar frå Åkrafjord Oppleving AS.  Åkrafjord Oppleving As er eit samarbeidsprosjekt mellom eigarar av landbrukseigedommar, fritidsbustader, friluftsinteresserte og lokale næringsverksemder.
  • Paneldebatt med lokale og sentrale politikarar, representant frå grunneigarar i Fitjarøyane, og representantar for miljø- og landbruk hos fylkesmannen i Hordaland.

 

Voner på godt frammøte  og ein aktiv forsamling som bidrar til ein konstruktiv debatt om Fitjarøyane si framtid.

 

Vel møtt til ein lærerik kveld, der innspel/diskusjon vert viktig, saman med kaffi og noko attåt !

 

SFLMK

Kontakt oss