Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

NVE gjev konsesjon til Midtfjellet Vindkraft AS

NVE gjev konsesjon til Midtfjellet Vindkraft AS

Oppretta: 14.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

NVE gav i dag Midtfjellet Vindkraft AS konsesjon for bygging av vindmøller i Fitjar. NVE gav samstundes konsesjon til alle prosjekta i Austevoll inkludert Selbjørn. Søknaden for Langevåg vart avslått. Grunngjevinga er at desse anlegga vil styrkja kraftbalansen i Sunnhordland der det i dag er underskot på kraft.

NVE sin pressemelding:

Både ja og nei til vindkraft i Sunnhordland

NVE gir fem konsesjonar og eit avslag til vindkraftverk i Sunnhordland. Selbjørn, Stolmen, Kvalvåg og Store Kalsøy vindkraftverk i Austevoll kommune og Midfjellet vindkraftverk i Fitjar kommune har fått løyve. NVE har i vedtaka lagt vekt på forsyningssikkerheit og kraftbalansen i Sunnhordlandsregionen. NVE avslår søknaden til Langevåg vindkraftverk i Bømlo kommune.

Fem løyve og eit avslag på vindkraftsøknader i Austevoll, Fitjar og Bømlo kommunar. Sjå større kart.
Sunnhordland har i dag kraftunderskot. Vindkraftverka som har fått konsesjon, vil samla kunne produsere om lag 600 GWh elektrisitet i året. Det svarar til staumbruken til om lag 30 000 husstandar. Kraftproduksjonen vil vere eit monaleg bidrag til å betre kraftbalansen i Sunnhordlandsregionen.

Ulempene ved desse vindkraftverka er først og fremst visuelle. I tillegg vil dei få verknader for friluftsliv, kulturminne og bustader og andre bygg. Vindkraftverka gir miljøvennleg kraftproduksjon og kan gi eit viktig bidrag til elektrisitetsproduksjonen i Noreg. Vedtaka vil vere eit bidrag til å nå Regjeringa sitt mål om 30 TWh fornybar energi innan 2011. NVE meiner difor at samfunnet må godta enkelte lokale ulemper.
Austevold kommune går ikkje inn for å bygge Selbjørn vindkraftverk. - Når NVE likevel gir konsesjon, har vi lagt avgjerande vekt på behovet for auka kraftproduksjon i regionen, seier vassdrags- og energidirektør Agnar Aas.

NVE har i sitt avslag til Langevåg vindkraftverk lagt vekt på verknadene tiltaket har på natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap, nærføring til vei og mogelege støyulemper for bustader og bygg.

NVE gir samtidig konsesjon til ein 300 kV kraftleidning frå Midtfjellet til Børtveit i Fitjar og Stord kommunar. Kraftleidningen skal knyte Midtfjellet vindkraftverk til kraftnettet. Denne løysinga vil styrke forsyningssikkerheiten og gjere det mogeleg å etablere meir kraftproduksjon i regionen.

Kontakt oss