Hopp til innhold Hopp til søk

Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn

Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn

Oppretta: 10.07.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Framlegg til forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 30. august.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Ledig stilling som Økonomisjef

Ledig stilling som Økonomisjef

Oppretta: 14.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Vår økonomisjef sluttar 1.7. 2007 for å byrja i stilling i annan kommune. Økonomisjefen vil ha ansvaret for det overordna budsjett- og økonomiarbeidet i kommunen. Avdelinga er delt inn i 3 fagseksjonar: Skatt og innkrevjing, lønsseksjon og rekneskaps- og budsjettseksjon.

Sentrale arbeidsoppgåver:
_ Overordna resultat- og leiaransvar for økonomistyring, budsjettering, rettleiing og samordning, samt utvikling av og opplæring i nye styrings-verktøy for leiarane i kommunen.
_ Ansvaret for å etablera retningslinjer og rutiner for å styra kommuneøkonomien.
_ Ivareta finansiering og kapitalforvaltning.
_ Utvikla rutinar for budsjettering og oppfølging.
_ Personalansvar for dei tilsette på økonomiavdelinga.

Ynskjelege kvalifikasjonar:
_ Høgare relevant utdanning, til dømes handelshøgskule eller BI.
_ Det vert lagt vekt på innsikt i og erfaring frå kommunal forvaltning og godt kjennskap til kommunale styringsverktøy, gjerne og med erfaring frå Agresso.
_ Dokumentert kjennskap til og erfaring i bruk av relevant IKT-verktøy.

Evne til å evne til å arbeida systematisk, leia, inspirera, skapa tillit og kontakt, samt gode samarbeidseigenskapar vil vera viktig for å lukkast i stillinga.

Me tilbyr løn etter avtale og god kommunal pensjonsordning.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakta rådmann Atle Tornes, tlf. 53458510 eller 91133984.

Søknad med kortfatta CV må sendast Fitjar kommune, postboks 83, 5418 Fitjar, eller via e-post til fitjar@fitjar.kommune.no innan 10. mai 2007.

Kontakt oss