Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Ledig 100 % fast stilling som konsulent ved økonomiavdelinga.

Oppretta: 16.01.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Økonomiavdelinga er ei støtteeining som er underlagt rådmannen. Kontoret har m.a. ansvar for kommunen sin årsrekneskap, koordinering og oppfølging av budsjett, føring av bilag, utfakturering og innkrevjing av kommunale krav, skatterekneskap og innkrevjing av skatt, kontroll og rapportering av løn.I tillegg fører ein nokre eksterne rekneskap.Kommunen brukar rekneskapssystemet Agresso.

Konsulenten skal arbeida med:

  • Controlleroppgåver som skal styrke budsjettfunksjonen, utarbeiding, oppfølging og rapportering.
  • Oppgåver knytt til rekneskapsføring, remittering og avstemming.
  • Generelt medverke til kvalitetssikring og utvikling av gode rutinar for økonomiarbeidet i kommunen.
  • Andre  oppgåver ut frå ei samla vurdering av kapasitet, kvalifikasjonar og erfaring på avdelinga. 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på høgskulenivå med vekt på økonomi og rekneskap. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Kjennskap til kommunal og/eller offentleg økonomiforvaltning er ynskjeleg.
  • Evne til å arbeida strukturert, sjølvstendig og i team. Løn etter avtale. God pensjonsordning i KLP. 

Kontaktpersonar: Økonomisjef Leif Sigurd Larsen  tlf.53458515. Søknad må vera Fitjar kommune, postboks 83, 5418 Fitjar, i hende innan 31. januar 2008.

Søknadsskjema finn du her.

Dersom du vel å søkje via søknadsskjema på internett, ber me om at kopi av vitnemål og attestar vert teke med på eventuelt intervju.

 

Kontakt oss