Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera
Framlegg til reguleringsplan for Koløyholmen – offentleg ettersyn 2. gong

Framlegg til reguleringsplan for Koløyholmen – offentleg ettersyn 2. gong

Oppretta: 02.07.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Framlegg til reguleringsplan for sentrale deler av Koløyholmen, del av gnr. 49 i Fitjar kommune, er lagt ut til offentleg ettersyn 2. gong. Høyringsfrist er sett til 14. august 2008.

 

I medhald av Plan- og bygningslova § 27-1 nr. 2 har Utval for plan og miljø/ Fast utval for plansaker (FUP) i sak PS 067/08 vedteke å leggje revidert reguleringsplan for sentrale deler av Koløyholmen, del av gnr. 49 Fitjar kommune, ut til 2. gongs offentleg ettersyn. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida 04.07.08-14.08.08.

 

Planområdet har eit samla areal på vel 30 daa, og vert regulert til m.a. bustader (frittliggjande og konsentrert), kombinerte formål (fritidsbustader/ bustader og kontor/ fritidsbustader), offentleg trafikkareal (m.a. hamneområde i sjø, veg og kai), fareområde og privat småbåtanlegg i sjø.

 

I vedlagt saksframlegg sak PS 067/08 er det gjort greie for innkomne merknader etter 1. gongs utlegging til offentleg ettersyn. Det er også gjort greie for dei endringar som er gjort i planframlegget. Sak PS 067/08 vart handsama på møtet den 01.07.08 og utvalet vedtok framlegg til vedtak samrøystes. (Då møteboka pr d.d. ikkje er klar, er saksframlegget lagt ut.)

 

Grunna ferieavvikling er høyringsfristen sett noko lengre enn dei lovpålagde 30 dagane.

 

Moglege merknader kan sendast Fitjar kommune, Pb 83, 5418 Fitjar innan 14. august 2008.

 

Saksdokumenta kan også sjåast i Kundetorget, Fitjar Tinghus (opningstider kvardagar kl. 0930-1430.)

 

 

Kontakt oss