Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Fitjarelevane svært gode på dei nasjonale prøvane

06.12.2007

Fitjar kommune har for lite elevgrunnlag til å offentleggjera resultata frå ungdomstrinnet, men desse har me intern tilgong til. Me vil heller ikkje gå ut med ei rangering av skulane i kommunen, då me har svært få elevar på nokre av skulane og det vil ikkje vera rett av omsyn til personvern. Likevel viser dei samla resultata frå 5.trinnet seg å vera så gode at dei vil me visa fram:

Når ein har slått samen resultata frå alle tre prøvane (lesing i norsk og engelsk, samt rekning) så ligg Fitjar som kommune nr 15 i Norge. Me ligg på 35,7% medan dei mykje omtalte Bærumselevane ligg på 38,3. Dette er svært positivt og verd å gle seg over. 

Prøvane deler elevane i tre nivå - der nivå 1 er svakast og nivå 3 er sterkast.

Rekning på 5.trinnet 

Kommune Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Lands-gj.snitt26,647,226,2
Hordaland snitt25,148,726,2
Fitjar 17,939,342,9

 

Resultata i rekning er svært gledeleg for Fitjar, me ligg langt over mest 20% over snitt i både Hordaland og i heile landet. Resultatet viser at me har svært få elevar som slit med rekning og ein heil del som klarer seg middels og svært bra. Dette gjev grunn til jubel. 

Årsaker kan vera; eit godt kull det året (det har me stadfesta) med gode arbeidsvaner og foreldre som føl elevane svært godt opp. Elevane har også hatt tilgong til ekstraoppgåver via nettet (internett) som foreldra har benytta seg av. Undervisninga har vore prega av grundig og tradisjonell klasseromsundervisning med innslag av andre typar. Det høyrer også med til historia at klassane har svært gode klassemiljø der elevane får god nok arbeidsro.

 

 Engelsk på 5.trinnet  
Kommune Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Lands-gj.snitt27,547,525,0
Hordaland snitt28,847,423,8
Fitjar 20,744,834,5

 

Resultata i lesing på engelsk er også svært gode, elevane i Fitjar er over gjennomsnitt på landsbasis og i Hordaland. Opp mot ti prosent bedre i nivå 3. Ingen av dei andre kommunane i regionen kan stilla med slike resultat heller. På trinn 1 ligg me godt under lands-snitt, hordalandsnitt og regionen øvrig. Det tyder at me har mange gode og svært gode engelske lesarar på 5.trinnet i Fitjar.

Årsakene vil nok vera mykje dei samme som for matematikk.

 

 

  Lesing på 5.trinnet
Kommune Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Lands-gj.snitt26,650,123,3
Hordaland snitt27,349,623,2
Fitjar 21,453,625,0
Resultata her er også til å leva med, me har under landsnitt og hordalandsnitt blandt dei svakaste lesarane. I tillegg ligg me lågt i regionen. På dei middels gode og svært gode lesarane ligg me litt over landsnittet. I høve til kommunane i regionen ligg me rimeleg godt an, med unntak av Etne som merkar seg ut her.

 

Konklusjon:

 Fitjar har gjort det svært godt på dei nasjonale prøvane i år og det skal me vera svært glade og stolte av.

Likevel er det viktig å hugsa at me har lite elevmateriale, slik at resultata må sjåast over mange år før me med sikkerhet kan sei at noko er ein trend. I tillegg har me låg svarprosent på matematikkprøva, men 100% deltaking på engelsk lesing der me også gjorde det svært bra.

Mange ting vil spela inn på slike resultat; læraren (men ein lærar kan gjera det godt med ein klasse og dårleg med ein annan), gruppesamansetning (overhyppighet av svake/gode elevar), gruppedynamikk (kultur for læring/ok å vera god), foreldra si oppfølging av borna m.m. I tillegg vil ressursar vere med å spele ei rolle.  Alt i alt syns eg likevel at me skal gleda oss over dei flotte resultata i kommunen, skryta av lærarane våre og nytta desse resultata til å arbeide målretta videre med å gi god undervisning til borna våre.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no